Setesdalstunet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nokre av bygningane i Setesdalstunet 5. januar 2020.

Setesdalstunet er eitt av tre hovudområde på Kristiansand museum på Kongsgård. Tunet er ei samling gamle bygningar frå Setesdal. I det gamle bondesamfunnet var plasseringa av bygningane på garden nøye gjennomtenkt. I Setesdal var det vanleg å ha innhus på ei side av tunet, og uthus på den andre. Eit slikt oppsett finn ein også i Setesdalstunet. To større innhus, Nystue frå Trydal og Årestue frå Kveste, gir eit innblikk i livet på landet for 200 år sidan. Den eldste bygningen i tunet er Nomelandsloftet, eit tre-høgda loft bygd rundt 1580. Eit anna loft i samlinga er Kvesteloftet.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]