Gravrøyser ved Byglandsfjorden
Gravrøyser ved Byglandsfjorden er ein oversikt over kjende gravrøyser rundt Byglandsfjorden i Bygland. Karakteristisk for røysene er byggemateriale av stein og plassering på bart fjell. Denne spesielle typen gravminne blir ofte kalla åsrøyser. I alt er det 15 slike rundt fjorden. På same måten som bonden vart gravlagd nær garden, kan røysene vere gravplassen til menneskje som hadde erverv knytta til vatn, det vere seg fiske, fangst eller ferdsle.
Ei av røysene, den på Nånesodden, er nærare undersøkt av fagfolk. Her fann dei (2012) ein bronsepinsett frå yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.). Dei andre røysene veit ein ikkje sikkert alderen på. Men fagfolk har meint at slike røyser ofte kan vere frå bronsealderen. Etter funnet på Nånesodden kan ein sikkert rekne med at fleire av dei andre røysene rundt fjorden også er frå denne tida.
Det er ikke kjende opplysningar om åsrøyser ved fjorden ovafor Storstraumen. Ein teori for å forklare dette, som arkeolog Frans-Arne Hedlund Stylegar har sett fram, er at røysene syner tidleg busetjing og er eldre enn gravhaugane vi kjenner frå litt nyare tid.
Oversikt over røysene
- Horgeknipen ved Senum (1)
- Likferdsodden mellom Grendi og Longerak (1)
- Storøya ved Longerak (2)
- Nånesodden (1)
- Øynesodden på Lauvdal (1)
- Odden (Lauvdal) (1)
- Lauvdalsodden (6, fem rundrøyser og ein langhaug med lengde 30 m)
- Nesodden ved Lislestraumen (1)
- Kotedekkan på Skomedal (1)
Eksterne lenker
Kjelder
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Gravrøyser ved Byglandsfjorden, artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar 2005
- Jan Henning Larsen, Gravene og bosetningen, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, side 59-60
- Om funnet på Nånesodden i hos austagderfk.no