Likferdsodden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gravrøysa på Likferdsodden.

Likferdsodden stikk ut i Byglandsfjorden rett sør for Rakkeneset, mellom Grendi og Longerak i Bygland. Området rundt odden er bygd ut med fritidsbustader.

Fornminne[rediger]

På odden ligg det ei gravrøys, ei såkalla åsrøys. Ho har tverrmål ca. 7 meter og høgde ca. 75 cm. Røysa er lett å sjå frå vatnet, og det er vid utsikt frå røysa utover fjorden. Rundt røysa ligg det fleire mindre steinpakningar, som kan vere sjølvstendige graver. Røysa er ikkje nærare undersøkt, og alderen er ikkje sikkert fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden er ei anna gravrøys av denne typen sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...