Øynesodden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øynesodden er eit lite nes som stikk ut i Byglandsfjorden mellom Fånefjell og Lauvdal i Bygland.
Fornminne
Ute på odden ligg det restar av ei såkalla åsrøys. Ho er 4 meter i tverrmål, og består nå bare av 1-2 lag med stein. Røysa er overgrodd og lite synleg. 270 meter lenger mot nord-aust, kloss ved Riksveg 9, ligg ei mykje større røys med diameter 10 meter og høgde 1 meter. Denne røysa er bygd rundt ei stor, naturleg steinblokk. Like ved ligg det ein bautaliknande stein. Alderen på desse røysene er ikkje fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden ligg det ei røys som er sikkert tidfesta til yngre bronsealder.
Sjå også
Kjelder
- Kommunekart.com
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Gravrøyser ved Byglandsfjorden, artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar2005
- Jan Henning Larsen, Gravene og bosetningen, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, side 59-60
- Om funnet på Nånesodden i hos austagderfk.no