Lislestraumen


Lislestraumen er eit smalt sund, ei innsnevring, i Byglandsfjorden mellom Nesodden på austsida og Stigemo på vestsida, nord for Nese i Bygland. Midt i sundet ligg Fosskarøya med Fosskarhytta. Lislestraumen er «innseglinga» til Urdviki frå sør. I nordre enden av den vika ligg Storstraumen. I vestre enden av den svære sandstranda Gullsand på Nesodden, på austsida av Lislestraumen, ligg det ei gravrøys.
Skilleplass for fellesfløtinga
Lislestraumen var skilleplass for tømmer den tida tømmeret frå Setesdal blei flòta nedover Otra til Kristiansand. Last som skulle til Grenda eller Byglandsfjord blei sortert ut og lagt i kvar sin ringbom. Seinare bunta ein tømmeret saman i bunker (soppar), og fekk slepebåten Thor som trakk tømmerbuntane ut til sørenden av Byglandsfjorden.
Midt i Lislestraumen ligg Storøya (Lislestraumsøya). Der var det ei hytte som fosskarane brukte. I dag kallast øya Fosskarøya.
Kjelder
- Gardskart på nett
- Tønnes Hagestad, Fløtingens historie i Otra og Tovdalselva, Kristiansand, 1988, side 27
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 2009, side 318