Nesodden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Gravrøys ligg strategisk plassert ved innseglinga til Urdviki, og med vidt utsyn sørover fjorden.
Foto: Geir Daasvatn
Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen i Bygland. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som skil austbreidda av fjorden frå vestbreidda her. Midt i sundet ligg Fosskarøya. Nord for sundet ligg Urdviki.
Fornminne
På den søre spissen av odden, i vestre enden av Gullsand, ligg ei gravrøys. Ho er låg, og har ein diameter på ca. 7 meter. Plasseringa er strategisk ved innseglinga til Urdviki mot Storstraumen. Alderen på røysa er ikkje nærare fastslege. Men på Nånesodden litt lenger sør i Byglandsfjorden ligg ei røys som er vitskapleg tidfesta til yngre bronsealder. På andre sida av fjorden for Nesodden, ved Kotedekkan på Skomedal, ligg det også ei stor røys.
Sjå også
Kjelder
- Gardskart på nett
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Gravrøyser ved Byglandsfjorden, artikkel på bloggen hans, dagsett 24. januar2005
- Jan Henning Larsen, Gravene og bosetningen, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, side 59-60
- Om funnet på Nånesodden i hos austagderfk.no