Nånesodden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nånesodden sett frå fjorden i 1977. Gravrøysa ligg ytst på odden. I bakgrunnen mot høgre ser ein Skjevrak.
Gravrøysa etter restaurering i 2012.
Bronsealderpinsetten frå Nånesodden
Foto: Helene Russ/Kulturhistorisk Museum

Nånesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå Nånes på vestsida av fjorden.

Fornminne[rediger]

Her ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminner som vert kalla åsrøys. I Kulturminnesøk heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brente bein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor overrasking for arkeologane. Beinrestene er tidfesta til år 770-431 f.Kr. Ut frå andre funn på staden, og andre kjente arkeologiske forhold, meiner arkeologane å kunne tidfeste gravminnet til tidsromet 770-500 f.Kr.

Ved undersøkinga i 2012 målte gravrøysa 6,6 X 5,5 meter. Opphaveleg har ho vore noko større. Røysa hadde eit kammer på 2 x 0,5 m som var bygd opp av kantstilte stein. Retninga var mot Lauvdal. Etter undersøkinga vart gravrøysa restaurert. Som alle gravrøyser er ho freda etter kulturminnelova.

Funnet på Nånes gjer at ein reknar med at fleire av gravrøysene rundt Byglandsfjorden er frå bronsealderen.

Sjå også[rediger]

Kjelder/Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...