Odden (Lauvdal)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gravrøysa på Odden.

Odden er eit lite nes som stikk ut i Byglandsfjorden sør for busetnaden på Lauvdal i Bygland. Neset ligg rett nord for eit anna lite nes på staden, Øynesodden.

Fornminne[rediger]

Kloss ved fjellskjæringa på Riksveg 9, på vestsida av vegen, ligg ei stor røys, ei såkalla åsrøys. Ho har diameter 10 meter og høgde 1 meter. Røysa er bygd rundt ei stor, naturleg steinblokk. Like ved ligg det ein bautaliknande stein. Ute på Øynesodden, 270 meter mot sør-vest, ligg det restar etter ei anna røys. Ho er 4 meter i tverrmål, og består nå bare av 1-2 lag med stein. Røysa er overgrodd og lite synleg. Alderen på desse røysene er ikkje fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden ligg det ei røys som er sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...