Setesdalskonferansen 2015
Setesdalskonferansen 2015 vart halden på Bykle Hotell 9. april 2015 og 10. april 2015. Motto for konferansen var «Berekraft og fornying», Setesdal Regionråd var arrangør og Styrk Fjærtoft Trondsen var konferanseleiar. Prisen for konferansen var 1250 kroner inkludert overnatting og mat.
Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat.
Program
Torsdag
- 11:00 Registrering og lunsj
- 12:00 Konferanseopning. Tarald Myrum – styreleiar i Regionrådet og Valle-ordførar: Velkomen til Setesdalskonferansen!
- 12:10 Sara Fosstvedt: Bærekraftig produksjon og etisk handel
- 12:50 Jon P. Knudsen: Er det for seint no? Om potensialet for vekst og skaping på bygdene.
- 13:20 Stig Marthinsen: Korleis skal Setesdal bli synleg og utnytte sjansane i EU-landa? Om maks utnytting av handlingsromet i EØS-avtalen og oppskrifta på å lirke ut euro til lokale prosjekt.
- 13:50 Pause
- 14:05 NAV Setesdal: Rekruttering i medgang og motgang.
- 14:25 Geir Skjevrak: Styrekompetanse, likestilling og lønsemd – «tilfeldige funn» frå Styrekurs II?
- 14:35 Laila Johnsen Kjær: Stolte handelskvinner i Setesdal. Om korleis gule benkar og samhald har vore ein opptur for etablera og nye verksemder!
- 14:45 Åse Ingebjørg Flateland: Smaken av Setesdal - blir det skapt lokal meirverdi?
- 15:00 Pause
- 15:20 Frode Verpe: Setesdals kulinariske skattkammer. Bok og fjernsyn til folket.
- 15:40 Tom Roger Øydne: «Tøffingen» i turoperatørmarknaden som er høgt på bana, vinn og veks. Korleis?
- 16:00 Pause
- 16:15 Ingebrigt Steen Jensen: Nei til sal av Norge! Om klokskapen og galskapen som må til for at Setesdal ikkje skal rotne på rot!
- 18:00 Førspel og mingling før middag
- 20:00 Festmiddag – kjøkemeister Merethe Hjemdahl. Musikalsk nyting: Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen. Setesdalsprisen 2015 – utdeling ved stortingsrepresentant Ingebjørg Amanda Godskesen. Helsingar frå ymse talarar
Fredag
- 09:00 Jon Rolf Næss: Good morning, Setesdal! Wake up call frå ordføraren.
- 09:10 Anniken Golf Rokseth: «Kampen for livet». Ei fem år lang kreftreise har lært denne unge kvinna at livet ikkje einast handlar om å eksistere – det handlar om å leve!
- 09:50 Pause
- 10:00 John G. Bernander: Om berekraft og teknologi – utfordringar og moglegheiter for Setesdal.
- 10:40 GRØNT SKIFTE OG BEREKRAFT – FRÅ ORD TIL HANDLING. MEN KORLEIS?
- Anne Dorte Carlson: Berekraftig reiseliv
- Marit Sølsnes (dagleg leiar DNT Sør): Fornying gjennom samhandling med organisasjonar.
- Geir Skjevrak (dagleg leiar Bygland varmesentral): Klimalyft med tre-perspektiv på Setesdal.
- John G. Bernander (Viking Heat Engines): Teknologi og energi.
- 11:15 Pause
- 11:25 Næringsduellen. Korleis blir Setesdal den beste verten for næringdrivande? Ordførarane Jon Rolf Næss, Tarald Myrum, Olav Neset, Bjørn Ropstad og fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, regionalsjef Kirsten Borge og IN Agder-direktør Erling Hellum i ordskifte.
- 12:05 Kva no, Setesdal? Speakers corner. Spørje- og meiningsytringstid – for dei som har noko på hjarta.
- 12:15 Signe Sollien Haugå: Dagleg leiar i Setesdal regionråd med ferske innspel om vegen vidare.
12:30 Avslutting. Lunsj og heimreise
Deltakere
Programkomite
Ørnulf Hasla, Bjørn Erling Auestad, Connie Barthold, Svein Hjort-Olsen, Ann-Torill Briksdal, Harald Haugland, Knut På Bø, Ole P. Bruun, Signe Sollien Haugå – med god hjelp av Styrk Fjærtoft Trondsen, Tarald Myrum, Jon Rolf Næss og Gunn Marith Homme.