Knut Kjetil Møen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Kjetil MøenSymbol unrelated.svg
Født: 19. juli 1966 (52 år)

Knut Kjetil Møen (fødd 19. juli 1966) bur i Alfred Skaiås veg i Krossen i Evje, og er banksjef i Evje og Hornnes Sparebank frå 1. oktober 2014. Han overtok då stillinga etter Kjell Omland, som hadde vore banken sin sjef i meir enn 30 år. Før dette (2012-2014) var Knut Kjetil kredittsjef og bedriftsrådgjevar i banken.

Før han kom til banken, var han dagleg leiar i Evje UtviklingEvjemoen (2004-2012). Før det igjen var han teknisk sjef i Evje og Hornnes kommune.

På fritida er Knut Kjetil sterkt engasjert i musikklivet på ulike plan. Han er ein dyktig musikar (gitar), tekstforfattar og komponist. Han er også ein habil målskorar på Otra IL sitt veteranlag i fotball.