Bykle Hotell

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bykle Hotell

Bykle Hotell ligg i Bykle kyrkjebygd. Hotellet var bygd nytt i 1992 av Bykle kommune, som så leigde hotellet ut til ulike vertskap som dreiv hotellet under namnet Bykle gjestegard. Men i 2003 vart hotellet overteke av Hanna og Bjørn Erling Auestad. Dei tok tilbake det gamle namnet, utvida og renoverte heile bygget. Hotellet har 110 sengeplassar fortelt på enkeltrom, dobbeltrom, leiligheter og suite. I den store møtesalen kan ein dekke til 100 personar, hotellet har og mindre konferanserom med plass til 50 og 40 personar. Hotellet har spesialisert seg på bryllupsarrangement og kan hjelpe til å organisere bryllup med utgangspunkt i Bykle gamle kyrkje.

Setesdalskonferansen 2012 var på Bykle Hotell.

Historie[rediger]

Opprinneleg var Bykle Hotell frå 1913 og dreiv med god utvikling fram til krigen, då tyske militære tok hotellet. Etter krigen kom det i drift att, men 1. november 1986 brann det ned til grunnen.

Eksterne lenker[rediger]