Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15): Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder: Daniel Danielsen |
Litt om opphavet til gårdsnavnet |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hornnes - Haugen 070508 (2).jpg|miniatyr|høyre|Hornnes-garden med Haugen, Lunnen og Futegarden i framgrunnen. {{Byline|[[Irene Falck Jensen]]}}]] | [[Fil:Hornnes - Haugen 070508 (2).jpg|miniatyr|høyre|Hornnes-garden med Haugen, Lunnen og Futegarden i framgrunnen. {{Byline|[[Irene Falck Jensen]]}}]] | ||
'''Hornnes''' (gardsnr. 15) er ein gard i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i | '''Hornnes''' (gardsnr. 15) er ein gard i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. | ||
Det har vore vanleg tolking at Hornnes-namnet kjem frå sandneset (eller nesa) som stikk ut i Otra som eit horn. Den lokale namnekjennaren [[Oddmund Mogstad]] har peika på ei anna mogeleg forklaring. Kan namnet kome av at garden ligg på eit hjørne mellom Kjetsåkilen ([[Voilan]]) og [[Dåsåna]]? Garden ligg i alle høve sentralt plassert i forhold til sidedalføra som støyter til på vestsida av [[Otra]]. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet [[Hornnes]] etter garden. | |||
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er [[Salve Kjetilson Hornnes]]. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden [[Moi (gnr. 24 Evje og Hornnes)|Moi]] lenger sør i bygda. | Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er [[Salve Kjetilson Hornnes]]. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden [[Moi (gnr. 24 Evje og Hornnes)|Moi]] lenger sør i bygda. | ||
| Line 39: | Line 41: | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg. | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 330 flg. | ||
*Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 31 og 63, s. 318 | *Olav O. Uleberg, ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 31 og 63, s. 318 | ||
*[[Daniel Danielsen]], ''Litt gamalt frå Hornnes-garden i Hornnes'', Årsskrift for Agder historielag, nr. 28 (1948), s. 22-27. | *[[Daniel Danielsen]], ''Litt gamalt frå Hornnes-garden i Hornnes'', Årsskrift for Agder historielag, nr. 28 (1948), s. 22-27 | ||
*[[Oddmund Mogstad]], ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein 2006]], s. 31 | |||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 09:37

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret.
Det har vore vanleg tolking at Hornnes-namnet kjem frå sandneset (eller nesa) som stikk ut i Otra som eit horn. Den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad har peika på ei anna mogeleg forklaring. Kan namnet kome av at garden ligg på eit hjørne mellom Kjetsåkilen (Voilan) og Dåsåna? Garden ligg i alle høve sentralt plassert i forhold til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er Salve Kjetilson Hornnes. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden Moi lenger sør i bygda.
I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.
På gardsbruket Haugen under Hornnes-garden var postopneriet i Hornnes frå 1865 til 1928.
Heimar og bruk i Hornnes-garden
- Lunnen
- Futegarden
- Haugen
- Der ute
- Neset
- Doktermonen
- Åsan
- Hasseldalen
- Birkåsen
- Valhall
- Hornnes jernbanestasjon
- Risdal
- Halland
- Birketveit
- Gunheim
- Frøysnes
- Ljosland (Hornnes)
- Neset, nedre
- Liestøl
- Oseng
- Haugtun
- Voilestø
- Nestun
- Åstun
- Samtun
- Frydentop
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 330 flg.
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 31 og 63, s. 318
- Daniel Danielsen, Litt gamalt frå Hornnes-garden i Hornnes, Årsskrift for Agder historielag, nr. 28 (1948), s. 22-27
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, s. 31