Valhall

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valhall er husa bak i biletet, frå høgre mot venstre bak Hornnes kyrkje. I framgrunnen Hornnes jernbanebru.

Valhall er ein stad i Hornnes, på vestsida av Riksveg 9, ved Faret sør-vest for Dåsnes og Dåsåna.

Gjennom Valhall går Valhallvegen. På begge sider av vegen er det eindel eldre og nyare bustadhus. Mellom Valhall og det nærliggande Hornåsen bustadfelt er det gang- og sykkelveg. Vest for Valhall, i den nordre delen av Hornåsen, ligg den særmerkte Urdalen. I Valhall tek også den 5,8 kilometer lange Kvietjønnvegen til. Denne skogsbilvegen er ei fin turløype på sykkel eller til fots. Vennesla Dyreklinikk har poliklinikk i Valhall. Dyrlækjar Kirsti Bjørndal styrer denne.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]