Birkåsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkåsen ein oktoberdag i 2013.

Birkåsen (Bærkjåsen på Hornnes-dialekt) er ein gamal husmannsplass i Hornnes. Plassen er gått ut frå Futegarden i Hornnes. Simon Alfson Roland fekk husmannssetel på plassen i 1852. Han var den første som rydda og bygde hus der frå 1852 og utover. Han og familien tok etter det Birkås til etternamn.

Alv Simonson Birkås, eldste son til Simon Alfson og kona Aslaug Nottosdotter Birkås, flytta til Birkåsen og slo seg ned der rundt 1870. Han var gift med Tomine Taraldsdotter Birkås. Der blei trekunstnaren Salve Birkås fødd 18. mai 1881 som nr. 7 av 11 sysken.

I følge folketeljinga år 1900 budde det då ni menneskje i Birkåsen. Bygningane var eit setehus og eit uthus. Det var husdyr på plassen, det blei sådd korn og sett poteter, og det var ein kjøkkenhage.

I 1905 døydde Tomine Birkås. Mannen Alv Simonson vart då buande att i Birkåsen saman med dei tre sønene Salve Birkås, Tarald Alvson Birkås og Knut Alvson Birkås.

Alv Simonson blei etterkvart gamal og sjukeleg, og flytta frå Birkåsen til den eldste dottera Åslaug Jortveit på Kjetså. Han døydde i 1921.

Birkåsen låg så aude ei stund utover i 1920-åra, til Hornnes kommune kjøpte den dyrka jorda i Futegarden frå Opplysningsvesenets fond med tanke på gymnastomt. Notto Halland, født 1878 og ein av sønene etter Alv Simonson Birkås og Tomine Birkås, fekk då kjøpt husmannsplassen der han var fødd, med litt utmark, og flytta dit rundt 1927.

Notto Halland døydde i 1942. Sonen Alv Halland, født 1903, overtok då det som nå var blitt sjølveigarbruket Birkåsen.

Alv Halland og systera Torborg (fødd 1900) vart dei siste fastbuande i Birkåsen. I 1974 blei eigedomen overdregen til systerson til Alv, arkitekt Torleiv Sannes i Kristiansand. Han bygde ei god vinterisolert hytte til bustad for Alv og Torborg, og restaurerte den gamle stovebygningen. Torborg døydde på Hornnes gamleheim i 1979. Alv døydde i 1981.

Torleiv Sannes døydde i 2005. Men slik Torgrim Dåsnes skriv i heftet Treskjeraren Salve Birkås, vil nok eigedomen bli i slekta i generasjonar framover til ferie og fritidsbruk.

Kjelder

Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Treskjeraren Salve Birkås, hefte utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2007

Kart

Laster kart...