Futegarden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Futegarden er ein eigedom (gnr. 15 bnr. 58) under garden Hornnes i Evje og Hornnes kommune.
Landhandlar Adolph Johan Abrahamsen åtte eigedomen på 1800-talet, til 1864. Kjøpmann Abrahamsen skal ha vore den første til å drive landhandel i Hornnes. Frå 1865 til 1919 blei eigedomen nytta som bustad og kontorstad for futane i Setesdal. Seinare vart han nytta til lektorbustad for lærarar ved Hornnes gymnas.
I dag er eigedomen i privat eige. Pensjonert lektor Kåre Messel eig han. Han og kona Kristi Wicklund har fått Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for god restaurering av dei gamle bygingane.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 343-345
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 355
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, utgeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2017, side 19