Yngvar Uleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Yngvar Uleberg
Født: 11. mars 1944
Død: 12. november 2000 (56 år)

Yngvar Uleberg (fødd 11. mars 1944, død 12. september 2000) var frå Dåsnes. I ungdomåra var han ein habil diskoskastar og kulestøytar. Etter artium på Hornnes landsgymnas havna han i Marinen og vart militærpoliti i Marvika. Deretter valde han politiyrket med aspiranttid i Bergen, politiskolen i 1967/68 og deretter vart han sommaren 1968 tilsett som politi ved politikammeret i Kristiansand. Han budde i Vågsbygd.

I fritida teikna Yngvar Uleberg for mange aviser, både (Fædrelandsvennen, Agderposten og Setesdølen) mellom andre. I vekebladet Se og Hør hadde han kvar veke spalta «Finn 5 feil». Han deltok også på mange utstillingar med teikningane sine. Yngvar Uleberg var gift med Anne Marie Uleberg. Dei hadde to søner, Olav Uleberg og Oddvar Uleberg.

Han var son til Olav O. Uleberg, som skreiv bygdebok for Hornnes. Mora var Laura Uleberg, fødd Liestøl frå Ose, dotter av smed og spelemann Thomas L. Liestøl. Tormod Uleberg var bror hans. Lars T. LiestølRysstad var onkel deira. Oldefar hans var politikaren Lars Knutson Liestøl.

Han var onkel til Odd Inge Rønning Uleberg.

Bibliografi[rediger]

Kjelder[rediger]

Galleri[rediger]