Gudmund Åkre

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gudmund Åkre
Født: 16. mai 1936
Død: 19. juli 2017 (81 år)

Gudmund Åkre (fødd 16. mai 1936, død 19. juli 2017) var ordførar i Valle frå 1976 til 1987. Han kom etter Dreng Brokka og vart etterfylgd av Pål Åmlid. Gudmund Åkre var ikkje gift og etterlet seg brørne Bjug Åkre og Olav T. Åkre, svigerinner nevøar, nieser og øvrig familie. Det var minneseremoni i Valle kyrkje torsdag 27. juli 2017 klokka 12.

Politisk representerte Gudmund Åkre Senterpartiet. Han var utdanna tannlege og arbeidde på Valle tannklinikk.

Minneord[rediger]

GUDMUND ÅKRE TIL MINNE

Gudmund Åkre, tidlegare mangårig ordførar i Valle, døydde 19.juli, vel 79 år gamal. Gravferda var i Valle kyrkje torsdag 27. juli. Han var utdanna tannlækjar og vart tilsett som distriktstannlækjar og seinare overtannlækjar i Setesdal med kontorstad i Valle då han flutte heim. Etter ei turbulent tid i tenesta sikra han stabilitet og kvalitet heilt til han gjekk av som pensjonist.

Han var ein svært sentral politikar i Valle kommune der han representerte Senterpartiet. Han sat i kommunestyret i fem periodar og var ordførar i tre av dei, frå 1976 til og med 1987.

I tida Gudmund Åkre var ordførar var det ei stor utvikling i Øvre Setesdal som eit resultat av kraftutbyggingane. Valle kommune vart utvikla til ein moderne kommune med gode servicetilbod til innbyggjarane og moderne infrastruktur. Under hans leiing fekk Valle kommune eit tenleg og velfungerande administrasjonssenter.

Han arbeidde og sterkt for at kraftutbyggingskommunane skulle få sin rettmessige del av avkastninga av kraftinntektene. Han var aktiv i LVK - landssamanslutninga av vasskraftkommunar som vart skipa i 1977. Eit anna viktig steg i så måte var då han saman med m.a. fylkesordførar Kristian Sundtoft fekk skipe til Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder, no Konsesjonskraft IKS, som har hovudsete i Valle. Dette har tilført store midlar til samfunns- og næringsutvikling.

Elles må me nemne Brokke-Suleskarvegen som vart ei krevjande sak med kostnadsoverskridingar og mykje problem i byggjeperioden. Enkelte ville til og med stoppe prosjektet, men der kan me i ettertid takke både Gudmund Åkre og ordførarkollegaen i Sirdal, Sven Tjørhom, som fekk gjennom prosjektet og stod rakrygga i stormen då det bles som verst.

Det er med takksemd me no ser attende på det omfattande virke Gudmund hadde som tillitsvald for Senterpartiet og folkevald i Valle kommune. Han var ein ressurssterk person som valde å bruke evnene sine til beste for heimkommunen og Setesdalsregionen.

Gudmund lika fysisk aktivitet og sette stor pris på jakt og turar i heiane. I tråd med dette var hans siste ynskje at han skulle bli kremert og at oska etter han skulle spreiast i Valle vestehei.

Me lyser fred over Gudmund Åkre sitt minne.

Tarald Myrum – leiar i Valle senterparti.

Kjelder[rediger]