Yksenskor

Yksenskor er ein gard (gnr. 12) på heia aust for Dåsvatn øvst i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Den første kjende eigaren var Tollei Yksenskor, som er nevnt i lensregnskapa frå 1610-1618. Garden er då sikkert opparbeidd endå tidligare.
Det kom kjøreveg fram til garden, Yksenskårvegen, frå Håvestøl i Åseral først ca 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet).
Det skjedde ei tragisk ulukke på Yksenskor 17. desember 1817. Eit stort snøskred losna i fjellsida ovafor garden, og braut ned våningshuset som stod på garden. Sju menneskje omkom. Nye hus vart bygde opp litt lenger vekk frå fjellsida.
Distriktslege Nils Ingemann Kile i Evje kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Son til doktor Kile, Elg Ingemann Kile, Evje, overtok eigedomen etter far sin. I dag (2018) har dotter til Elg, Ingunn Kile, overteke eigedomen.
Kjelder[endre]
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969
- Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Snøskredulukka på Yksenskor, artikkel i Jol i Setesdal, 2006
- Ingvard Østerhus, Vellykka gågruppetur til Yksenskår, artikkel i Setesdølen nr. 65, 2018, side 13
Kart[endre]
{{#display_map:58.6511 7.6378|type=terrain}}