Håvestøl
Hopp til navigering
Hopp til søk
Håvestøl er ein gard (gnr. 15) i Fiskårdalen i Åseral. Han er den første garden ein kjem til etter fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder, når ein køyrer gjennom Dåsvannsdalen i Hornnes til Åseral.
Historie
Garden var truleg først støl under Austegard ved Lognavatn. Kva tid det kom fastbuande er uvisst. Garden er første gong nemnd i ei skatteliste frå 1600–1601. I 1865 var det 23 fastbuande her.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, band I, side 509–525