Nils Ingemann Kile
Nils Ingemann Kile | ||
---|---|---|
![]() | ||
Nils Ingemann Kile. Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså
| ||
Født: | 13. mars 1893 | |
Død: | 17. oktober 1962 (69 år) |
Nils Ingemann Kile (fødd 13. mars 1893, død 17. oktober 1962) var distriktslækjar i Evje og Hornnes og bonde på Yksenskor i Dåsvannsdalen i Hornnes.
Nils Ingemann Kile var gift med Astrid Therese Kile (fødd Skaiaa). Han var far til Elg Ingemann Kile, Lars Kile, Anne Kile Larsen, Astrid Therese Haugland og Ingebjørg Kile Lid.
Minne om «doktor Kile»
Nils Dåsvatn vaks opp i Hornnes i 1930- og 1940-åra, og har skrive ned nokre av minna sine om «doktor Kile»:
« - Øverst i dalen på Yksenskor heldt distriktslegen Nils Ingemann Kile til. Han var ein mektig mann; i rang rett under Vår Herre. Det var ikkje rart at han fekk ein slik status, for han var fantastisk. Han var sterk som ein bjørn. Han budde på Yksenskor, og der var det ikkje veg. Opp «Skotet» var det ein smal, stupbratt sti. På ryggen bar Kile opp alle varer til både folk og dyr, høyrde me. Den tyngste børa han hadde hatt, var ei horv, hermde dei etter han.
I tillegg til bonde på Yksenskor, var han ein dyktig og omsorgsfull distriktslege, som kvar dag hadde kontortid på Evje. Han for og rundt på besøk til sjuke folk i distriktet. Han hadde ein utruleg omtanke for dei som trong hjelp med helsa. Far hadde ein vond betennelse ein gong, og den ville ikkje gje seg. Då kom Kile mest kvar dag og såg til han og gav han hjelp til han blei frisk igjen. Kile tok imot folk på ein open og gemeinsleg måte, så folk gjekk til han med små skadar og sjukdomar. «Det krisla litt i halsen, så æ ville ne te Kile og høyre ko han sa», hermde dei etter ein kar frå Støylen. I samtalar med folk var han liketil og open, så han fekk lett kontakt. Han sa det han meinte, og det blei godtatt. Ein dag han kom på venteværelset, var det stufullt av folk. «Eg meine de er galne», skal han ha sagt. Då reiste Gunnar Soltønna seg og repliserte: «Der fekk me diagnosen, me kan berre gå heimatt.» Slik var tonen, så sjøl om familielivet til Kile ikkje rektig var etter tidas mønster, så blei han godtatt og respektert som den heidersmannen han var.»[1]
Kjelder
- Fødsels- og dødsdag på gravstøtta til Nils Ingemann Kile på Evje kyrkjegard
- Christer Larsen si side på MyHeritage.no
- Melding på Facebook med opplysninger om familieforhold fra Heidi Antonsen
Referansar
<references>
- ↑ Nils Dåsvatn, Barndomsminne frå Hornnesbygda, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2016, side 39-40