Ingvard Østerhus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingvard ØsterhusSymbol unrelated.svg
Født: 31. oktober 1933 (85 år)

Ingvard Østerhus (fødd 31. oktober 1933) er pensjonert lærar og busett i Evjevegen i Evje.

Østerhus tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1957. Han er adjunkt med faga engelsk, norsk og spesialpedagogikk. Han var lærar ved Bjørheimsbygd framhaldsskule, Strand (1957-1958), Hidra framhaldsskule (1958-1964), Søgne ungdomsskule (1965-1965) og Fiskå ungdomsskule (1965-1971).

1. august 1971 vart Østerhus tilsett som rektor ved Evje ungdomsskule. Han blei i stillinga i 16 år, til 31. juli 1987. Etter det var han rektor ved Evje barneskule frå 1. august 1987 til han gjekk av med pensjon.

Etter at han vart pensjonist, har han vore sterkt engasjert i arbeidet i Eldrerådet i Evje og Hornnes.

Kjelde[rediger]