Yksenskårvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skogsbilvegen til Yksenskor

Yksenskårvegen er ein veg i Åseral kommune og i Evje og Hornnes kommune, som går frå fylkesveg 353 i Fiskårdalen i Åseral. Eit stykke inne i heia, ved Nautevaknuttane delar vegen seg, mot nord til Vetrhus og mot sør til Yksenskor. Begge desse heiegardane ligg i Evje og Hornnes.

Toppen Nautevaknuttane har også namnet Fuballane, og båe namna finn ein på ulike kart. Kartverket sine namnefakta fortel at Fuballane er beteikna som ein haug, og vart godkjent som hovudnamn 1. januar 1977. Nautevaknuttane er derimot beteikna som ei hei, og vart godkjent som hovudnamn den 28. september 1977. Den seinaste godkjenninga er truleg det rette namnet.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...