Kattefossen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kattefossen er ein foss i Yksenåna (Yksenskorbekken), rett ved heiegarden Yksenskor, der elva kastar seg ned i Sydalen, langt nord i Dåsvannsdalen i Evje og Hornnes. Fossen har eit samla fall på omlag 100 meter, og er eit flott syn ved stor vassføring. Fram til Yksenskorvegen vart bygd på slutten av 1970-talet, gjekk ein opp det stupbratte Skotet, tett ved Kattefossen, for å kome til Yksenskor.
Kjelder
Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 23