Valle folkebibliotek

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sæbyggjen der biblioteket er frå hausten 2018.
Det gamle kommunehuset i Valle. Valle folkebibliotek heldt til i første etasje.
Foto: Harald Haugland
Det er koselig inne, og biblioteksjefen hjelper gjerne. Biletet er frå det gamle biblioteket.
Foto: Siri Johannessen

Valle folkebibliotek heldt lenge til i det gamle kommunehuset i Valle. Men frå opninga av Sæbyggjen hausten 2018, flytta biblioteket dit. Biblioteket hadde og ei avdeling på Rysstad. Men ved flyttinga til Sæbyggjen blei folkebiblioteket samla der.

Total utlånstid er 22,5 timar i veka i 45 veker. Lisbeth Dalquist Homme var biblioteksjef i Valle til august 2015, då tok Kjersti Torbjørnsen over. Gunnar Hillestad hjalp til i arbeidet frå 2006 til våren 2014 og Jan Torjus Ødeskaug frå hausten 2011. Frå 2016 har Tracy Lun vore assistent.

Valle folkebibliotek arrangerer bokkveldar og har eit godt samarbeid med skulane i kommunen. Dei arrangerer og ein lesesirkel i samarbeid med Aust-Agder fylkesbibliotek i serien «Agder les nordisk». Biblioteket skaffar bøker frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølv. Det er og med i ei ordning som gjer at du kan låne ei bok i Valle og levere den inn kor som helst i landet. Bøker som er lånte på andre bibliotek, kan og leverast inn i Valle. På utsida av biblioteket er eitt av dei mange internettpunkta i Setesdal.

Opningstider[rediger]

  • Mandag 09:00 - 16:00
  • Tirsdag 09:00 - 16:00
  • Onsdag 09:00 - 16:00
  • Torsdag 09:00 - 19:00
  • Fredag 09:00 - 16:00
  • Siste laurdag i månaden 11:00 - 14:00

Bibliotekaren er til stades mandag, onsdag og fredag klokka 9-16, torsdag klokka 11.30-19. Det vil alltid vere personale til stades i den faste opningstida. Frå 26. januar 2019 er det innført «meirope bibliotek». Lånarar med avtale kan bruke lånekortet som nøkkel mellom klokka 07 og 23.

Statistikk[rediger]

Årstall Antall Utlån
Bøker Lydbøker Musikk Film Born Vaksne Totalt
2008 27792 952 968 727 3951 5384 9335

Eksterne lenker[rediger]