Nils Heglands veg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Heglands veg forbi Oasen Blomster og den nye Sentrumsgården.
Nils Heglands veg gjennom Evje sentrum rundt 1972. I framgrunnen den vidkjende pølsekiosken og bak der igjen Evje og Hornnes Sparebank.

Nils Heglands veg er namnet på hovudgata gjennom Evje sentrum frå krysset med Riksveg 9 sør for Infobygget og til møtet med Arendalsvegen i Arendalskrysset i nord. Gata er oppkalt etter Nils Hegland, som døydde i tysk krigsfangenskap under andre verdskrigen. I eldre tider, før gata fekk sitt noverande namn, kalla dei ho gjerne «Kyllinggata». Det var ei gamal jente, «Doktor-Aase», som skulle ha funne på dette namnet då det var så mange småungar der.

I august 2015 starta Evje og Hornnes kommune i samarbeid med Statens Vegvesen eit svært arbeid med å gjere heile sentrumsgata om til miljøgate. Det skulle kome fortau framom butikkane, på austsida av gata, og gang- og sykkelveg på vestsida. Evje Kiosk skulle etter planen flyttast 50 meter nordover, til enden av parkeringsplassen der han står i dag. Det kom fleire parkeringsplassar. Mot riksvegen skulle det byggast ein mur, og overgangane der skulle mjukast opp med buskar og tre. Det ville bli innkjøyring til parkeringsplassen vis-a-vis Intersport Evje og Evje og Hornnes Sparebank. Sjølve vegbanen ville bli pynta opp med stein. Gata ville få meir miljøpreg, med fleire planter, møteplassar og sittegrupper.

I juni 2016 var arbeida gjennomførte, og miljøgata vart offisielt opna under Evjedagane.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...