Minnesteinen ved Evje kyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnetale og blomenedlegging ved minnesteinen 17. mai 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Minnesteinen ved Evje kyrkje vart avduka etter høgmesse i Evje kyrkje søndag 27. oktober 1946. Steinen står i bakken rett foran inngongen til kyrkja, og er reist til minne om dei frå Evje som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Det var idrettsungdom i Evje idrettslag som tok initiativ til å reise minnesteinen, og som også fekk han sett opp. Fleire utøvarar og leiarar i forlauparane til Evje idrettslag, Evje AIL og skilaget Ørnen, kom aldri heim att frå tysk fangenskap. Ein komitè med Arne Skibsrud (formann), Leif T. Birkeland og Olav Dalene førebudde saka. Kostnaden var 8.000 kroner. I tillegg kom mykje dugnadsarbeid gjort av idrettsungdom i Evje. Steinen blei hoggen av læraren og steinhoggaren Lars Nordgård.

Etter avdukinga vart minnesteinen overlevert til Evje kommune. Kvart år i samband med 17. mai-feiringa vert det lagt ned blomar foran steinen til minne om dei falne.


Namna på dei falne

Oskar Torvald Austenå.

Namna som er hoggen inn i minnesteinen er:

Kjelder