Kjetså skule

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skulebygningen som blei bygd i 1918/1919. Bygningen brann i 1977 og blei riven noko seinare.

Kjetså skule var ein skule i VoilestøKjetså i Hornnes frå 1867-1868 til 1972.

Historie[rediger]

Elevar og lærarar ved Kjetså skule 1937-1938.

Ein reknar med at det har vore skule i Evje og Hornnes frå første halvdel av 1740-talet. Dette var allmugeskule, med undervisning nokre veker om hausten og våren. Undervisninga skjedde rundt om på gardane eller i andre leigde lokale.

Kjetså-garden høyrde før 1846 til i «ytre skuledistrikt», og utgjorde ei rote saman med Hornnes-garden og Faret. Etter 1846 var Kjetså i rote saman med Hornnes-garden, Hannås og Strøyman.

I 1867-1868 kjøpte kommunen jord og bygde klokkargard med rom for fast skule i Voilestø. Kostnaden med bygget skal ha vore rundt 800 specidalar. No var det slutt på omgangsskulen som flytta frå stad til stad. Dei gardane som sokna til dette skulehuset var Faret, Hornnes, Kjetså, Tveit, Strøyman og Hannås. I 1866 skal 47 born ha sokna til dette området.

I 1918 eller 1919 blei det bygd nytt skulehus i Voilestø. I dette bygget heldt Kjetså skule til fram til 1972, då den nye Hornnes barneskule vart teke i bruk. Hornnes landsgymnas heldt også til i det nye folkeskulebygget i dei første åra, frå hausten 1920 til våren 1925.

Ein elev hugsar tilbake[rediger]

Nils Dåsvatn var elev ved Kjetså skule på 1930-talet. Han har skrive ned nokre fine minne om skuletida si i Voilestø:

«Sjølv om fritidsaktivitetane var mange, hadde og skulen ein viktig plass i livet til ein liten Horndøl. Eg var heile folkeskuletida elev ved Kjetså skule i Voilestø. Skulen låg som nevnt like ved Farmo, så skulevegen var ikkje lang.

Skulehuset låg på ei lita slette oppe i ein bakke med knausar og fjell omkring. Framfor huset mot sørvest var det slett, men på baksida var det bakkar, ufser og stup. Om det var pedagogiske omsyn som gjorde at horndølane plasserte skulen der, eller om det var tilfeldig, skal vere usagt. Eg har vore mange stader i landet, og har sett ein masse skular, men eg har aldri sett eit så fantastisk uteområde som i Voilestø. Det var brukbar fotballbane på sletta, idielt for å slå ball opp mot ”Opsa”, plass for paradislakking, stikkekasting og andre småleikar var det bak skulen eller på framsida. Det var bakkar til å renne på ski og kjelke for store og små. Bak skulen var det fint å klatre, leike indianer o.l. i dei bratte ufsene.

Så var det Voilane. Isen la tidleg, og det var grunt over alt. Me trampa veikis og gjekk ofte gjennom og blei våte, men det var ufarleg. Taut det vann gjennom skoreimholene når me kom inn, sende Sigurd oss heim for å skifte. Det kunne gå på helsa laus. Når isen var sterk, gjekk me på skeiser i friminutta. I Kleiva på postvegen kunne me renne på spark når det var fint vinterføre. Det var lite trafikk, og vegen blei ikkje strødd i dei dagar. Litt hestelort kunne rektig nok bremse litt på farten.

Skulebygningen[rediger]

Bygget var lafta med liggande kledning. Gulmåla i mi tid, seinare kvitmåla. Stasleg låg det der. I første etasje var det tre klasserom etter kvarandre. Det var koselege rom med umåla tømmervegger. Rektig nok var det ein del sprekker i stokkane så me kunne sette blyanten der om me ville. Det var høgt under taket, og store vindaugo som gav godt lys. Gangen var lang og smal med knaggar på langsidene, og i enden sto ein svær vedkasse. Gangen blei brukt til gymnastikksal.

Det var sparsamt med utstyr i klasseroma. Det var tomanns pultar, eit høgt kateter og eit bord. Bak kateteret var det ei svart tavle og eit kartstativ med tre – fire kart. På golvet sto ei plansjekasse og eit skåp for læremiddel. I skåpet var det skrivesaker og ymse naturfag læremiddel. Det var ei flaske med kviksylv, nokre magnetar, skålvekter, ein hoggorm og Sigurds blindtarm på sprit. I nedste hylla sto skuleboksamlinga. Det var ikkje så mange bøker, men dei blei flittig lest. Me hadde visst nok og eit Tellurium med lunarium så me kunne studere jordas og månens gang i solsystemet.Til oppvarming sto det ein stor Bjørnovn i kvart klasse rom. Framfor ovnane sto det ein høg blekkskjerm, så det ikkje skulle bli for heitt for dei som sat nærast.

I andre etasje var det to husvære, ei stor for lærarar og ei mindre for lærarinner. Det var slik på den tida. For familiar med fleire born, var det nok trongt om plassen, men det var greie rom. Etter det eg kan hugse, var det berre ein lærar som brukte eit av husværa, det var Andrea Drangsholt. Elles budde det familiar der. I tredje etasje var det eit stort ope loft som gjekk over heile huset. Der kunne me leike og springe og tørke tøy. Under huset var det full kjellar.

Doen[rediger]

Utedoen ved Kjetså skule 1. april 1982.

Doen i Voilestø var ein skikkelig god utedass. Stygg og fæl å sjå på. Den sto der lang og smal, høg på mur, med skråtak, umåla og grå i mi tid. Det var fem dører, Ei dør for jentor, ei for gutar, ei for lærarar og ei for dei som budde i andre etasje. Dei to siste var det lås på. Den femte døra gikk til tissedoen. Utstyret i doene var enkelt. Det var ein skråbenk med hol i, og ei hylle bak til avispapir. Stakk ein hovudet nedi, var det utsikt til alle kantar og det var godt fall. Tissedoen var spesiell. Det var ein brei sprekk i golvet mot den eine veggen. Over sprekken var det ei blekkplate. Den skulle ta av for verste støyten. Men den var for låg. Det var plass til fleire der om gongen, og det baud ofte til konkurranse. Kven nådde høgast? Blyantstrek på veggen kunne tyde på oppnådde resultat.»

Kjelder[rediger]