Farmo

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Farmo er eit lite småbruk på om lag 10 daa i Hornnes, frådelt frå garden Faret i 1934. Husa på eigedomen, våningshus og ein låvebygning, er sett opp i 1935. Første eigar var Tomas Daasvatn, fødd 1896. Han var gift med Berte Daasvatn (fødd 1900 på Flystveit i Åseral). Tomas var målar i Hornnes og Evje i ei årrekkje. Han døydde i 1977.

Etter Tomas J. Daasvatn overtok sonen Arne Daasvatn eigedomen. Arne var distriktstannlækjar i Evje og Hornnes frå 1975 til 1997. Arne døydde i 1999. Sonen Geir Daasvatn overtok då eigedomen. I 2013 selde Geir eigedomen til Vegard Nicolaysen, som er son til Geir sin sambuar Rita Flottorp. Vegard budde på det lille småbruket, saman med kona Mirjam Nicolaysen og dei to sønene deira Anders og Tobias, til 2020. Då selde han bruket tilbake til Geir og Rita. Familien flytta til Kirkenes.

Historie

«Faremonen» låg opphaveleg innanfor grensene til Hornnes-garden (bruket Haugen). I 1793 blei ein gamal bruksrett Faret hadde hatt i Hornnes-garden løyst ut, mot at Faret i staden fekk nokre skogstykke. Mellom desse var Faremonen.

Kjelder