Sigurd Faret

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigurd Faret
Lærar Sigurd Faret.jpg
Født: 7. mai 1894
Død: 1969 (alder 74–75)

Sigurd Faret var fødd i Oddernes 7. mai 1894 og døydde i Hornnes i februar 1969, nær 75 år gamal. Han var lærar, klokkar og kyrkjesongar i Hornnes.

Sigurd Faret tok eksamen ved Volda lærarskule i 1915. Sidan tok han spesialutdanning i sløyd, og var elev ved Noregs lærarhøgskule. Han var framhaldsskulelærar i Hornnes i to vintrar. I åra 1917-1933 underviste han ved Rauma ungdomsskule. Så vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Hornnes. Dette arbeidet stod han i til han fall for aldersgrensa i 1961.

Faret la såleis ned mange arbeidsår i Hornnes. Dei fleste åra underviste han både i «storskulen» og framhaldsskulen. Posten delte han med Salve Uleberg. Uleberg tok seg av realfaga, medan Faret fekk bruke størstedelen av tida på dei faga som stod han nærast, kristendomskunnskap og norsk. Desse to parhestane utfylte kvarandre på ein framifrå måte.

Sigurd Faret var også gardbrukar. I 1938 overtok han farsgarden i Faret. Etter at han blei pensjonist, heldt han fram med gardsdrifta til sjukdom sette ein stoppar for dette.

Faret hadde mange tillitsverv i bygda. Han var tillitsmann for lærarane i skulestyret. Han vart også vald til medlem i skulestyret etter kommunesamanslåinga i 1960. Dei siste åra før han døydde var han formann i museumsnemda som var sett til å utarbeide planar for eit bygdemuseum. Han var også svært oppteken av misjonsarbeidet og anna kristeleg arbeid i bygda.

Under andre verdskrigen blei Sigurd Faret arrestert av tyskerane 25. januar 1945. Sonen Harald Faret var då alt arrestert hausten før, og samstundes med Sigurd vart ein annan son, Erling Faret, arrestert. Sigurd blei først ført til Kristiansand, og kom deretter til Grini fangeleir. Her sat han til han og begge sonene vart sluppen fri fredsdagen 8. mai 1945.

Nils Dåsvatn (85), som sjølv fekk eit langt yrkesliv som lærar og rektor i skuleverket, var elev hos Sigurd Faret på Kjetså skule i Voilestø i 1930- og 1940-åra. Han har skrive ned desse fine minna om læraren sin:

"...Sigurd var ein klok og flink lærar som me både likte og respekterte. Me var stort sett gode vener. Undervisninga hans var god. Det var interessant å høyre på han, og han gav oss greie arbeidsoppgåver. Han gav oss utfordringar så vi måtte skjerpe oss, og han kunne oppmuntre eller kritisere alt etter korleis arbeidet blei utført. Sigurd var allsidig og kunne gjere stoffet interessant. I kristendomstimane var han ein meister til å forklare kristne sanningar. Ofte henta han ”døme frå Romsdal” når han skulle forklare kva som var rett og galt. Kristendom var noko som skulle levast her og nå. Me skulle ikkje tenke så mykje på det hinsidige. Han kunne kunsten å fortelje, særleg hugsar eg sogetimane. Eg las ikkje mykje på leksene i orienteringsfaga, men eg høyrde godt etter når han fortalde, og eg trur eg lærde det meste. Hans store sogeinteresse var nok det som hende i Norge i tida 1814-1905. Han fekk oss og til å bli glade i matematikk. Gode forklaringar og gode prøver fekk oss til å henge i."

Kjelder[rediger]