Hovden jernvinnemuseum

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovden jernvinne- museum 20. juni 2024.
Hovden jernvinne- museum 27. september 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Hovden jernvinnemuseum er eit museum under SetesdalsmuseetHovden i Bykle kommune.

Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist i 1960-åra. Omfattande arkeologiske utgravingar og registreringar har vore nødvendig. Desse har synt at Fjellgardane i perioden 800–1300 var eit sentralt område for utvinning av jern av myrmalm. På slutten av 1980-talet vart det sett i gong eit prosjekt med å bygge hus over eit utgrave jernvinneanlegg. Museet har fått ein heilt særeigen atmosfære, der kunnskapen om jernvinna blir formidla gjennom illustrasjonar på veggane, ljos-, lyd- og lukteffektar.

Jernvinnemuseet er sjølvbetjent. Spør om nøkkelkode på Turistkontoret på Hovdetun i Hovden sentrum.

Kjelder

  • Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...