Storhedder

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Storhedder er ein heller i høgfjellet ved Storheddervatnet i Breiveheiene nord-vest i Bykle. Helleren er omtalt i Gamalt or Sætesdal: «Dei overnatta i Storhedder, jegerane frå urgamle tider. Og det var så fin heller at du knapt såg maken. Han var plent som ei stove». I taket i helleren er det rissa inn eit reinsdyr.

Storhedder er ikkje blitt nærare arkeologisk undersøkt. Ein veit difor ikkje nøyaktig når og korleis han har vore brukt som overnattingsstad. Men på Skutesteinen som ligg bare omlag 30 meter unna, er det både runeinnskrifter og strekteikningar som er tidfesta til omkring 1100- eller 1200-talet.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...