Hovdehytta

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hovdehytta

Hovdehytta er den eldste overnattingsstaden på Hovden. Dette var turisthytta til Kristiansand og Oplands Turistforening, oppført i 1911. Hytta vart stadig utbygd, siste gong var i 2001, då anlegget vart bygd om og totalrenovert. Det er no organisert som fleire leiligheter av ulik storleik. I eigenomtalen heiter det: Alle leilighetene har et eksklusivt preg med skifer og parkett på alle gulv samt stilfull møblering.

Restaurantdelen i Hovdehytta ligg i første etasje, den er og ny og har alle rettar og a la carte-meny. Men den er bare open ved behov, akkurat som baren. Men det er kjøkken i leilighetene og dei er utstyrte for matlaging.

Hovdehytta ligg 200 meter frå Hovden sentrum, sentralt, men likevel usjenert og solrikt nær Otra. Tvers over vegen ligg Hovden Badeland, det er 100 meter til Hovden grendehus og lysløypa på Hovden går like utanfor huset.

Eksterne lenker[rediger]