Rekordfestivalen
Rekordfestivalen på Hovden var ein musikkfestival som blei arrangert for første gong 14.–15. august 2009, med base i Hegni friluftsområde. I 15 år framover, til og med hausten 2024, var det Rekordfestival på Hovden. Vinteren 2025 avgjorde styret å legge ned drifta av festivalen.
Dette var ein intim og triveleg festival med fokus på bra musikk, morosame aktivitetar og god mat. Det var konsertar fredag og laurdag, i tillegg til at ein laurdag kunne vere med på aktivitetar som fjelltur med musikalsk overrasking, andeløp i Otra, tur i barfotløypa eller stand-up paddle. Ingvild Hovden leia festivalen dei åtte første åra (2009–2016). Hausten 2016 overlot ho leiarvervet til Nicolai Ertzeid.
Musikk
Nokre av artistane som har vitja Rekordfestivalen tidlegare år er: Violet Road, Honningbarna, Kirsten Bråten Berg, Mikhael Paskalev, Billie Van, Fjellfolk, Valkyrien Allstars, Mirror Lakes, Trym, Monica Heldal, Kjetil Grande, Kim André Rysstad, Susie & the Spuds og Grand Island. I 2015 spelte Kari Bremnes, Ida Maria, Steve´n´Seagulls, Torgeir Waldemar, Slutface, Daniel Sandén-Warg, Sigurd Brokke, Sigrid K. Jore og Cheap Karma.
Kjelder og eksterne lenker
- www.rekordfestivalen.no har meir informasjon
- Ove Rønningland: Hovden på rekordjakt - Artikkel i Fædrelandsvennen kultur 26. mai 2009, side 5
- Ole Birger Lien: Ny leiar for Rekordfestivalen - Artikkel i Setesdølen nr. 78, 2016, side 16
- Olav Åsen Haugsgjerd, Slutt for Rekordfestivalen, artikkel i Setesdølen nr. 21, 2025, side 4