Bykle gamle kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den gamle kyrkja i Bykle
Bykle gamle kyrkje i desember 2011
Foto: Reidar Tveito

Bykle gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1619. Kyrkja vart ombygd i 1804. Innvendig er ho rosemåla, opprinneleg var dette gjort av Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklum. I 1938 restaurerte Ulvik Hendrisen rosemålinga. Altertavla frå om lag 1650 er tredelt. Motiva er «Kristus som ber korset», «Kristus på korset» og eit englehovud. Preikestolen er i renessansestil frå om lag 1650 med tre maleri. Døypefonten er frå ca. 1600. Kyrkjeklokka er nederlandsk med latinsk inskripsjon: «Er Gud for oss, kven er då imot oss». Klokkaren står midt i kyrkja når han ringer. Kyrkja har eit lite orgel på bare fire stemmer frå om lag 1990. Messehaglane er frå 1992 og levert av Kirkelig Kulturverksted.

I 1992 var det 34 gudstenester med eit snitt på 79 deltakarar. Nedslagsfeltet til kyrkja hadde 800 innbyggjarar.

Sjå også[rediger]

Kjelde[rediger]



Bykle komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bykle kommune
461px-NO 0941 Bykle.svg.png
Bykle kyrkje · Bykle gamle kyrkje · Fjellgardane kyrkje
Byklum bedehus · Hoslemo bedehus · Klippen Bykle · Trydal bedehus
Bykle samfunnshus · Hovden grendehus