Lars Knutson Liestøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Lars Liestøl)
Hopp til: navigasjon, søk
Lars Knutson Liestøl
Lars Liestøl 1839 - 1912 lite.jpg
Født: 13. juni 1839
Død: 15. desember 1912 (73 år)

Lars Knutson Liestøl (fødd 13. juni 1839 i Åseral, død 15. desember 1912 i Kristiansand) var ein norsk lensmann, bonde og politikar for partiet Venstre. Lars Liestøl var son av bonde, lensmann og stortingsmann (1865–1873) Knut Larson Liestøl og kona Gyro Grundesdatter. Han var gift med Laura Vilhelmine Josefine Sabro. Knut Liestøl, professor i folkeminnevitskap, var nevøen hans.

6. oktober 2012 markerte Bygland kommune og Setesdalsmuseet 100-årsminnet for Lars Liestøl.

Biografi[rediger]

Utover vanleg omgangsskule vart det lite skulegang på den gåverike guten, men gjennom eiga lesing og praktisk arbeid skaffa han seg etter kvart store kunnskapar. Han var kontorist hjå futen på Klepp i Evje, og han lærde seg opp til å vere utskiftingsassistent.

Faren til Lars, Knut Liestøl, var lensmann i heimbygda, og då han vart vald til Stortinget i 1865, fekk Lars prøve seg i vikariat som lensmann. Truleg var dette noko av ballasten som gjorde at han i 1866 vart tilsett som lensmann i Bygland. Han kom til å busetje seg på garden Frøysnes sør for Ose.

Medan faren sat på Stortinget, følgde Lars interessert med i det som skjedde. Han abonnerte på Dølen og Fedraheimen og fekk med seg dei «radikale» straumdraga i samtida, der det norske vart sett i høgsetet, og der kravet om parlamentarisme var ei hovudsak.

Han vart sjølv vald til Stortinget i 1873 og sat til 1888. Så var han borte eit tiår, vart vald att i 1897-1903, og 1906-1912. Han var også attvald ved Stortingsvalet 1912, men døydde før perioden tok til. Hovudtyngda av tida på Stortinget sat han i Justiskomiteen, der han var sekretær. Han var statsråd 1888-89, men gjekk ut av både storting og regjering i mars 1889, dels på grunn av indre strid i venstrepartiet, men også på grunn av kritikk han fekk som statsråd. I etterkant av dette vart han i 1889 utnemnd til riddar av St. Olavs orden.

Røynslene frå dette eine året fråtok nok Liestøl lysten til å inneha fleire statsrådpostar. Då han kom attende i 1897, fekk han den posisjonen han deretter kom til å ha: odelstingspresident. Han sat i den posisjonen då han døydde brått og uventa rett før jol i 1912. Han var innvald til Stortinget i heile ti periodar, men døydde før han fekk begynt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.

Lars Liestøl var lensmann i Bygland kommune frå 1866 til 1888 og brukte garden Nordigard Frøysnes frå 1870. Han sat i Bygland kommunestyre i 36 år og var ordførar i tolv år. Han hadde i tillegg ei lang rekke lokale offentlege verv. Han var sjølvlært i engelsk og studerte på eiga hand Englands historie og særleg Amerikas historie. Han hadde også særlige anlegg for tegning og teikna mange karikaturar av kollegaer under debattane i Stortinget.

Målmann[rediger]

Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med på å vedta sidestilling mellom dei to målformene i landet.[1]

Eg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fyredi Tankarne verde so innesnørde som ei turka Næver.|Brev fra Lars Liestøl til faren Knut Larson Liestøl i 1865[2]

For Lars Liestøl var dette eit tema som han stadig vendte tilbake til, og i 1885 var han ein av initiativtakarane til Jamstellingsvedtaket som vart vedteke i stortinget 12. mai 1885. Det var dette som bana vegen for at han alt i 1889, som nyvald ordførar i Bygland, kunne take i bruk landsmålet i kommunestyreprotokollane, og ikkje lenge etter også i skulestogene.

Han var også oppteken av folkeopplysning, og om vintrane heldt han lovskule for bygdefolk både i Valle og i Bygland. Han var ein omtykt mann som hjelpte mange på den eine eller andre måten. Ikkje minst med å skrive brev og søknader til offentlege instansar. Av dei sakene han engasjerte seg i dei siste periodene på Stortinget var Konsesjonlovene i 1907 og vassdragskommisjonen frå 1909.

Litteratur[rediger]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
  • Sigurd Haugsgjerd: Bygland heidrar Lars Liestøl. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2012 side 5

Referansar[rediger]

  1. Ottar Grepstad: «Språkleg valfridom: eit demokratisk dilemma». Foredrag på Språk 2005 i Bærum kulturhus, Sandvika 9. april 2005
  2. Åsulv Frøysnes: «Lars Liestøl og målsaka», Syn og Segn 1971, s. 157

Eksterne lenker[rediger]