Fager er jordi

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

«Fager er jordi» er Gunnar T. Rysstad si gjendikting av «Deilig er jorden», julesalma til B. S. Ingemann. Teksten vart publisert i Syn og Segn i 1900 og kom med i Nynorsk Salmebok.

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.
 
Tider skal koma, tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.
 
Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi, menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

Innspelingar[rediger]

Kjelde[rediger]