Tore (dikt)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Tore er eit dikt av Gunnar T. Rysstad. Det var først publisert i Haugsjaa i 1896. Diktet er første spor på plata Eisemo som gruppa Ugagn gav ut i 2013.

Langt ifraa fokk, langt inn aa hei,
der site ei gaamo kaane.
Daganna styttast mei aa mei;
hu ser inkje sol hell maane.
Eisemo, eisemo Tore
likevæl lengtar ti jole.
Notti æ traa
aa dagann æ graa. -
Ko lengje æ det ti jole?

Svaarte-doen hev fare kring
aa fyre se fokkji sopa.
Eisemo studrar hu, stakkars ting,
hu ser kje ko ramne-hopa.
Eisemo, eisemo Tore
likevæl lengtar ti jole.
Notti æ traa
aa dagann æ graa. -
Ko lengje æ de ti jole?

Der teke so veire langt inn aa hei,
aa vinden yler aa tutar.
Aa snjoren aukar alt mei aa mei,
de stødt seg ti uveir grutar.
Eisemo, eisemo Tore
likevæl lengtar ti jole.
Notti æ traa
aa dagann æ graa. -
Ko lengje æ de ti jole?

Dag ette dag aa nott ette nott
hu eine lyt inne trøyte.
- Heim ha eg lote, hu traatt hev tott:
men hu syter so mæ aa brøyte.
Eisemo, eisemo Tore
likevæl lengtar ti jole.
Notti æ traa
aa dagann æ graa.
Ko lengje æ de ti jole?

So li de utive ti solkverv-dag,
daa tikj' 'u, at dagann lengjast,
- Jau no lyt eg heim i jole-lag,
de kunna, de kunna trengjast.
Eisemo, eisemo Tore
likevæl lengtar ti jole.
Notti æ traa
aa dagann æ graa. -
Ko lengje æ de ti jole?

So kjem hu mæ stræv heim aa Vikhei-kleiv
aa ser n'i dei djupe dala.
Daa syng de i deildime lngjeleiv
aa so ti 'enn Tore talar:
- Dike di, dike di Tore!
Bake di brau ti jole!
Notti ei
aa daganne tvei
so lengje æ de ti jole!

Aa so helt hu jol paa vidde hei,
hu visste kje, heime va øye.
Hu totte, hu va kje eisemo mei
si steinann veit jol so nøye.
- Dike di, dike di Tore!
Bake di brau ti jole!
Notti ei
aa daganne tvei
so lengje æ de ti jole!