Heimigard Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Heimigard Rysstad ligg like ved Riksveg 9.
Våningshuset og loftet.
Foto: Geir Daasvatn

Heimigard Rysstad er eit gardsbruk (gnr. 68 bnr. 1) på Rysstad i Hylestad. Marton Laksesvela og kona Anna Olavsdotter Rysstad forpaktar eigedomen.

Løa på bruket er bygd før Svartedauden (1349–1350), og er ca. 700 år gamal. Løa er truleg den eldste i Noreg. Loftet (stabburet) på garden er også frå tida før Svartedauden. Den eldste delen av våningshuset er frå slutten av 1400-talet.

Historie

Det er rimeleg å tru at Rysstad var einbølt i 1576, heiter det i gards- og ættesoga for Hylestad. Ein gong før 1647 har så Andres og Åsulv Ånundssøner delt eigedomen etter far sin Ånund Knutsson Rysstad. Andres blei verande med Heimigard.

Kjelder

Den eldgamle løa var under restaurering vinteren 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Kart