DB Dølen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

DB Dølen var ein vedfyrt dampbåt som stod for gods- og persontrafikk på strekninga Gullsmedmoen - Bygland (Neset/Ose) i Byglandsfjorden frå 8. juni 1867 til 1957. Dølen var søsterskip til Bjoren, som seglar på Byglandsfjorden den dag i dag.

Skipet var opphaveleg 52 fot langt og 11 fot breitt. Maskinen hadde 8 hestekrefter. I 1899 blei det forlenga med 8 fot. Seinare blei Dølen bygd om til oljefyring, og forlenga med endå 10 fot. Første skipperen var Paul Hansen Borgen. Han var skipper i rundt 25 år.

Fram til 1930 var det Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen som stod bak drifta. I 1931 blei det selskapet oppløyst, og den organiserte dampbåttrafikken på Byglandsfjorden avvikla. Men Olav FrantsonByglandsfjord kjøpte begge båtane, og heldt liv i post-, vare- og passasjertransport til gardane på vestsida av fjorden til 1957. Då blei Dølen hoggen opp, medan Bjoren gjekk i opplag.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]