Kallshovet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hornnes med Dåsvannsdalen og det lett kjennelege Kallshovet i bakgrunnen.
Det er fin utsikt sørover frå Kallshovet. Nærast ligg Kallhovd, og bak der Jortveit. I bakgrunnen skimtar ein Breiflå.
Foto: Geir Daasvatn

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for Kallshovet, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.

Ein reknar det som ganske sikkert at det har vore ei bygdeborg på dette fjellet, då det er funne restar av ein nedramla borgmur. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar. Fjelltoppen er ein lageleg stad for eit slikt festningsanlegg, stupratt ned mot Dåsåna og svært bratt mot aust og nord. Fjellet ligg strategisk til som signalstasjon (vete), med vidt utsyn både nordover og sørover i Dåsvannsdalen, og vart kanskje brukt til det føremålet også. Men den lokale naturkjennaren Oddmund Mogstad tvilar på det. Han meiner fjelltoppen ligg alt for lågt i landskapet.

Det gjekk ein gamal ferdsleveg frå Hornnes til Åseral under Kallshovet.

Turløype[rediger]

I 2016 er Kallshovet ein av toppane i Otra IL ski sitt 10-toppars turprogram.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Om bygdeborger på Wikipedia, besøkt 4. januar 2015