Gautestad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gautestad kurs- og misjonssenter ved enden av fylkesvegen til Gautestad. Herfrå går det fleire hyttevegar og skogsbilvegar vidare innover i terrenget.

Gautestad er ein gard (gnr. 64) og ei lita grend ved Høvringsvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fv-306 ender på Gautestad. Gautestad kurs- og misjonssenter ligg ved enden av vegen. Naturen rundt Høvringsvatnet og Gautestad er rekna for å vere noko av den venaste i Evje og Hornnes. Det er svært mange fritidsbustader i området.

Folkemusikk

Gautestad var ein sentral, naturleg stoppestad for slekt, arbeidsfolk, kråmkarar og spelemenn som reiste mellom Grendi og Mykland. Eller dei var på veg frå Åmli, Froland eller Mykland mot Evje, Hornnes og vidare mot Åseral. Staden var eit geografisk og kulturelt knutepunkt. Her vaks storspelemannen Gunnulf Gunnarson Gautestad (f. 1825, d. 1888) opp. Far hans, Gunnar Klemetson Gautestad (f. f. 1799, d. 1894), og bestefaren, Klemet Gunderson Gautestad (f. 1746, d. 1830) var også spelemenn.[1]

Kjelder

Referansar

Kart

Laster kart...