Austad kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kyrkja på 1900-talet.
Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum
Austad kyrkje på Tveit.
Foto: Reidar Tveito
Konfirmantførebuing
Foto: Reidar Tveito
Kyrkja frå andre sida av Otra
Siri Johannessen (2012)

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Ho ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo. Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880, og den vart forretta av biskop Jørgen Moe. Opphaveleg låg kyrkja aust for Otra på Austad, men i 1872 var ho i så dårleg stand at prosten Blom kalla henne «kassabel». I 1878 hadde prestegjeldet fått løyve til å riva kyrkja, og tømmeret vart seld.

Altertavla er ein kopi av Thorvaldsens Kristus. Preikestolen er i tre frå ca 1536, restaurert av Christen Anderssøn i 1634. Døypefonten som vert nytta no er frå 1880 og laga av Torbjørn Langeid. Det er og ein døypefont frå ca. 1200 og ein frå middelalderen, restaurert i 1985. Orgelet er av J. H. Jørgensen frå 1975. Disk og kalk er frå 1680, oblateske frå 1852. Messehagl er frå Kirkelig Kulturverksted 1986.

I nedslagsfeltet til Austad kyrkje bur det om lag 100 personar. Dei bur i på båe sidene av Otra, frå Austad og Ose i sør til Langeid og Sordal i nord. I 1992 var det i snitt 25 til høgmesse, 6 til nattverd på dei 25 gudstenestene. Det året vart tre døypte og eit brudepar vigsla i kyrkja, medan det var sju gravferder.

Kjelde[rediger]

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker - Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7

Eksterne lenker[rediger]


Bygland komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune
461px-NO 0938 Bygland svg.png
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus


Kart[rediger]

Laster kart...