Visitasforedrag ved bispevisitas i Bygland 29. oktober – 2. november 2003

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Visitasforedrag ved bispevisitas i Bygland 29. oktober – 2. november 2003

Kjære kyrkjelyd! Guds nåde og fred!

Den førre bispevisitasen i Bygland fant stad i dagane 10. -13. sept. 1992. Hovudinntrykket etter desse visitasdagane er at kyrkje og folk i Bygland er nært forbundne. Det har vore ei djup glede å sjå dei opne og gode relasjonane som her finst internt mellom medarbeidarane og i tilhøve til andre institusjonar og lag i lokalsamfunnet.

Bygland har ein sjeldan fin kyrkjeleg og kulturell arv å forvalte – og gjer det! I det allmenne omdøme står kyrkja for byglendingen som ein sentral kultur- og tradisjonsberar.

Folketalet har vore i svak nedgang sidan førre visitasen – ca. 50 innbyggjarar færre, men delen av kyrkjemedlemer er stabil, og over landsgjennomsnittet: 87,3%. Så kyrkjelivet er stabilt i Bygland.

Nytt sidan sist er nye soknegrenser. Frå 1. juli 1997 er Bygland, Sandnes og Austad slått saman til eit sokn, ved sida av Årdal sokn. Dette har synt seg å vere ei god løysing. Elles har biskopen merkt seg at folket på Senum, som formelt høyrer til Evje og Hornnes kommune, gjerne søkjer til kyrkje i Årdal. Her kan det liggje ei sak for ei evt. framtidig grenseregulering. Om heile Bygland skal skipast om til eit sokn, slik det løyseleg er nemnt, er neppe eit aktuelt tema no.

Visitasen var sers godt førebudd lokalt av soknepresten som koordinator, i samarbeid med kyrkjeverje og organist. Frå bispedømekontoret si side har avdelingsleiar Audun Myhre delteke i førebuingane. Og prosten, Ole Gunnar Sæbø, har vore ein viktig medspelar i visitasen saman med prostidiakon, Per Emanuelsen.

Vi har opplevd rike dagar i Bygland – frå vi starta med innleiande orienteringsmøte onsdag morgon - til den flotte kulturkvelden fredag. Alle dei fire saksfelta har vi vore innom: kyrkjelydsarbeidet i vid meining, kontakten med skule og barnehage, møte med kommunen og bedrifts- og institusjonsvitjing. Om dette kan ein lese meir i prostens visitasrapport, som gjer greie for visitasdagane i detalj. Prosten har dessutan gjort ein kontorvisitas og sett på tilhøve rundt kontordrift og kyrkjebokføring. Alt er funne i orden.

Kyrkje og kommune

Møtet med ordførar og varaordførar, saman med kommunens administrasjon var positivt, og strekte under den felles gode vilje for lokalsamfunnet. Kyrkja er takksam for ei god tenesteytingsavtale som fungerer greit. Kyrkjeverja har god oversikt over saksfeltet sitt, og understrekar kor viktig kontakten mellom fellesråd og kommune er i det jamne arbeidet og rundt budsjettprosessen. Etter seks år med same kommunale tilskot, er det no på tide med ei auke, mellom anna fordi kostnadene stig og kyrkjebudsjettet er i minus. Eg vonar at kommunen, trass i knapp økonomi, finn rom for å auke kyrkjebudsjettet noko dei neste åra.

Kyrkjehus og kyrkjegard

Det er krevjande for ein liten kommune å forvalte fire kyrkjer og eit kapell. Men no står alle i god stand. Det er rett nok nedsett ein komité for å sjå på fargesetting og endring av benkane i Bygland kyrkje. Og Årdal kyrkje lyt på sikt få eit fullverdig orgel. Men grunnleggjande investeringar er no gjort for ei tid, difor er det viktig å sikre det jamne vedlikehald framover. Dette er etter kyrkjelova kommunen sitt ansvar, men under møte med kommunen torsdag kom ein idé opp om å invitere til ei folkegåve frå lokalsamfunnet til kyrkjene i Bygland i høve 100-årsjubileet for Noreg som fri nasjon i 2005.

Det er elles godt om gravplass i heile kommunen for mange år framover.

Det som ein særleg legg merke til i Bygland, er dei gode samarbeidsforholda. Dei kyrkjetilsette dreg fint saman og er fleksible i tenesta. Soknepresten har eit framifrå samarbeid med barnehage og skule, og han prioriterer dette arbeidet. Det er klok strategi. Her finst ein samarbeidsplan for kyrkje og skule som set faste treffpunkt. Det er også ei glede å sjå at avviklinga av konfirmasjonsførebuinga innanfor skulen si ramme går knirkefritt.

Gudstenestearbeidet er prioritert i Bygland. Med ein gudstenestekjær prest og ein særs dyktig organist, har Bygland her dei beste føresetnadene for å utvikle det liturgiske arbeidet. Det er mykje tru som held seg borte frå gudstenesta, og det må vere heilt sentralt å få utløyst dette potensialet. Til det trengs det brei satsing – med t.d. gudstenesteutval, målgruppearbeid, bruk av ulike merkedagar i lokalmiljøet, osb. Ei ope og livnær gudsteneste og mange rundt nattverdbordet, må vere den store, samlande visjonen for Bygland, og. Det er alt for mange bindingar og at for mykje sosial kontroll i bygdene våre, og dette må løysast opp. Dette er eit tema for både arbeid og trufast bøn.

Vidare er det her gode relasjonar mellom kyrkjelyd og organisasjonsliv. Kyrkjelydsarbeid og bedehusliv går godt i hop, i song, musikk og misjon. Kyrkjelyd og Normisjon har gått saman om Alpha-kurs, fleire misjonslag er framleis aktive og samarbeidsprosjektet Bygland-Normisjon i SMM-regi, "Evangeliet til Mallankefolket", knyt misjonsdimensjonen tet inn til kyrkjelyd og gudsteneste.

Noko av det viktigaste som er skjedd på diakoniens felt i Setesdal dei siste åra, er den nye stillinga som prostidiakon i Otredal. Dette har vist seg å vere ein særs nyttig satsing – både fordi Per Emanuelsen sjølv gjer godt arbeid og forde han løyser ut friviljuge krefter i omsorgsarbeidet. Det må vere strategisk å få sikra denne tenesta framover. Og alle partar, Bygland er inne med 20%, må sjå det som heilt naudsynt å slå ring om denne funksjonen. Det vil bli eit kraftig tilbakeslag for heile den lokale diakonien dersom vi ikkje held denne tenesta oppe! Eg kan ikkje tru at så vil skje!

Det er eit mangfaldig arbeid for born og unge i Bygland. Mykje av dette arbeidet, sundagsskule, kor osb., er knytt til bedehusa. Det er ikkje lett å byggje opp eit stabilt ungdomsarbeid når dei fleste må ut or bygda til vidare skule etter grunnskulen. Men lokalsamfunnet gjev gode tilbod, både innan kyrkje og kulturell verksemd. Konfirmantarbeidet er godt og rotfesta i bygdene, det viser dei stabile tala for konfirmantar. Eg ser dette som eit av mange teikn på ein solid folkekyrkjeleg tradisjon i prestegjeldet. Men arbeidet mellom born og unge er ei ståande utfordring, og den kallar også på vakne leiarar, som ser ansvaret – og tek det!

Bygland er ein kulturkommune. Mange kommunar ynskjer å smykke seg med ei slik nemning, men Bygland gjer det med rette! Vi ser det m.a. på den rike kyrkjemusikalske aktiviteten i kommunen. Gudstenestelivet er ôg prega av denne, så som t.d. i den årlege folkemusikkmessa i Austad. No har Bygland ein av Noregs fremste kyrkjemusikarar i sin midte. Eilert Hægeland er kyrkjemann og kulturarbeidar i ein sjeldan fin kombinasjon. Dersom lokalsamfunnet er klokt – og det er de sikkert – så knip de ikkje inn på stillinga hans. Eg ser gjerne at de får til ei auke i stillingsdelen hans frå 50% til 60/70%, etterkvart. Det vil vere ei rimeleg investering i framifrå kvalitet!

I samband med dette, er det ein god tanke å sette ned eit musikkutval i prestegjeldet. Eg er overtydd om at brei, kvalitetsprega kyrkjemusikk er ein viktig drivkraft til rikare gudstenesteliv.

Oppsummering

Når eg ser attende på visitasdagane, blir hovudsummen av det heile: vi har sett og stadfesta alt det gode som skjer: Det gode samarbeid i staben, dei opne linene til skule, barnehage, kommune, institusjonar og organisasjonar. De er på eit godt spor: Sokneråda er samvitsfulle og engasjerte i arbeidet, og soknepresten har ein sterk og god posisjon i bygdene – ein klok og god brubyggjar, ein samarbeidets mann!

Vidare er det sjeldan å se eit så nært og naturleg samband mellom folkekyrkja, kulturkyrkja, gudstenestekyrkja – ja, også frikyrkjene, i det eg registrerer at også familiar med basis i frikyrkjene søkjer gudstenesta i Den norske kyrkja.

Eg plar summera opp nokre punkt til vidare refleksjon og arbeid etter ein visitas. Her er, som sagt, tonen mykje blitt å stadfeste det verdfulle og fine arbeidet som alt skjer. Men eg gjev dykk – tilsette, råd og kyrkjefolk i Bygland – desse punkta å tenkje over:

  1. Arbeid vidare på å utvikle gudstenestelivet, gjennom utval, musikalsk mangfald, informasjon og relasjonsbygging inn mot kyrkjehusa. Og gløym ikkje at bøna kan opne dører!
  1. Før vidare det gode forhold til skule, barnehage, kommune og kulturliv. Ei kyrkje som er tett på dei grunnleggjande funksjonane i lokalsamfunnet, er ei viktig kyrkje og ei kyrkje nær livet.
  1. Ver godt førebudd på den satsinga som no truleg kjem i kyrkja på feltet dåpsopplæring. Dåp og trusmiljø høyrer saman.
  1. Gje kyrkjemusikken gode kår og livsrom, og tenk over om ikkje eige musikkutval kan styrkje dette arbeidet!
  1. Etter seks år med same tilskott til kyrkja frå kommunen, bør de kunne argumentere sterkt og godt for ei rimeleg auke i kyrkjebudsjettet.
  1. Drøft om det ikkje er ein god tanke å lage eit lokalt kyrkjegåvefond til vedlikehald av kyrkjene i Bygland som ei folkegåve i takksemd frå innbyggjarane ved 100-årsfeiringa av Noreg som fri nasjon!

Så takkar eg og medarbeidarane mine for gode visitasdagar i Bygland. De har så mykje fin kristenarv å forvalta, og det veit de! Så før han vidare i takk og tru.

Eg takkar for gode møte, for trufaste medarbeidarar og for opne dører. Til sist minner vi kvarandre om apostelen Paulus’ fine oppmoding: "Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp!" (Gal 6.9)

Gud signe kyrkjelydane i Bygland!


Agder bispestol, 2. november 2003


Olav Skjevesland

Kjelde[rediger]