Åraksbø grendehus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kveld ved Åraksbø grendehus.

Åraksbø grendehus ligg på Kolbotn i Åraksbø. Bygget var tidlegare skulestoge. Våren 2013 pussa Åraksbø grendelag opp huset, som er svært mykje nytta. Huset har blitt malt innvendig, det har fått nytt golv og nye møblar. I kjøkkenet er det kome oppvaskmaskin, golvbelegg og interiør. Det elektriske anleggget er oppgradert med Evje Elektroservice som ansvarleg, men med pensjonert elektrikar Harald Lidi som aktiv dugnadsarbeidar. Med seg i dugnadsgjengen har han hatt Bjørg Nordgarden, Ingebjørg H. Lidtveit, Barbro Borgi, Thora Bakke Nordgarden, Bjarne Nordgarden, Nils Hammer, Berit Haugetveit, Olav G. Nordgarden, Knut Gakkestad, Knut Haugetveit, Gunnar Nordgarden, Halvard Viki, Torfinn Borgi, Knut Haugen, Georg Lidtveit, Lars Tore Gakkestad, Tone Gakkestad og Olav Haugetveit.

Kostnadene med renoveringa var på 80.000 kroner. Av dette kom 18.000 kroner frå kommunen, i tillegg er arbeidet blitt sponsa av lag og organisasjonar som brukar bygget. Det er lagt ned om lag 500 dugnadstimar i prosjektet. I 2010 vart huset måla utvendig, også det på dugnad.

Kjelder[rediger]