Torleiv B. Aakre
Torleiv B. Aakre | ||
---|---|---|
Torleiv Bjugson Aakre i 1924. Foto: Frå utstillinga FOLK-fra rasetyper til
DNA-sekvenser, Teknisk Museum i Oslo | ||
Født: | 10. oktober 1880 | |
Død: | 1972 (alder 91–92) |
Torleiv Bjugson Aakre (fødd 10. oktober 1880, død 1972) var gardsarbeidar, folkeminnesamlar, skribent og diktar i Valle. Tekstane etter Torleiv Aakre er samla og utgjeve av Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal i dei to bøkene Meir gamalt or Sætesdal II og Meir gamalt or Sætesdal III, utgjeve i 2017.
Torleiv var fødd i Nordigard Åkre. Her budde han heile sitt liv. Han var den førstefødte til odelsbonden Bjug Torleivson Aakre (f. 1849, d. 1939) og kona Birgit Olsdotter Åkre (f. Heistein, 1860, d. 1946). Men foreldra skøytte garden direkte over til sonesonen Bjug i 1932, og Torleiv heldt fram med å vere gardsarbeidar. Han var gift med Gyro Bjørnsdotter Aakre (f. Harstad, 1880, d. 1929). Dei hadde fire born saman: Bjug (f. 1909), Bjørn (f. 1913), Birgit (f. 1916) og Daniel (f. 1920). Torleiv var bror til Ånund B. Åkre og Torjus Aakre.
Valle blei studert som ledd i den store raseantropologiske kartlegginga i 1920 åra. På utstillinga på Teknisk museum i Oslo kan ein lese fylgjande om Torleiv: «Alette Schreiner identifiserte Torleif Aakre som en prototypisk viking, og beskrev ham som intelligent, vital, poetisk, sunn i kropp og sjel og dertil ganske så kjekk.»
Jannes Bjørnsen sin nekrolog i Fædrelandsvennen om Torleiv kan lesast her: Nekrolog Torleiv Aakre 1880-1972.
Kjelder
- Bjug Åkre, Torleiv B. Aakre - Livet og livsverket, innleiande kapittel i Olav M. Holen, Meir gamalt or Sætesdal II, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2017, side 10-14
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 108-109