Dåsvannsdalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. november 2021 kl. 08:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn nordover i Dåsvannsdalen frå Kallhovd mot Uleberg. Foto: Geir Daasvatn
Nordre del av Dåsvannsdalen, med Ytre Dåsvatn t.v. og Øvre Dåsvatn t.h. 30. september 2019.
Foto: Geir Daasvatn

Dåsvannsdalen er eit dalføre som strekk seg frå Øvre Dåsvatn i nord til Jortveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune i sør. Øvst i Dåsvannsdalen ligg Dåsvatn. Ut frå Dåsvatn går elva Dåsåna, som renn gjennom heile Dåsvannsdalen og ut i Otra i Dåsnes. Gardane i Dåsvannsdalen er frå gamalt av Øvre Dåsvatn, Yksenskor, Ytre Dåsvatn, Uleberg, Kallhovd og Jortveit.

Fylkesveg 302 går nordover frå Dåsnes gjennom Dåsvannsdalen og opp til grensa mot Åseral og Vest-AgderStaven øvst i Linddalen. Etter at hyttebygginga i Åseral skaut fart, mellom anna på Bortelid, har biltrafikken gjennom Dåsvannsdalen auka mykje.

Topografi

Dåsvannsdalen er i store delar eit typeområde og eit levande historisk dokument på daudislandskap i breelvavsetning.

Ein gong i tida har ei isbretunge demt opp vatnet mellom Otra og Dåsvannsdalen, truleg i området Jortveit - Dåsnes - Faret - Hornnes (garden), slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid hadde avlaupet sitt gjennom Urdalen (Hornnes) frå aust mot sør-vest. Oppdemninga må ha vore på om lag 232 meter over havet. Heile Dåsvannsdalen måtte då vere ein oppdemd lang fjord. Men omsider smelta breen, og isdammen blei tappa ut. Men Dåsvannsdalen blei ikkje straks like tørrlagt som han er no. Det låg framleis att i lange tider eit vatn som rokk dalen til endes og knytta Dåsvatn saman med Otra. Otra laga i den tida ein mykje større fjord i desse traktene enn i dag, og Dåsvannsdalen var då ein sidefjord til Otra.

Kjelder

Kart

Laster kart...