Urdalen (Hornnes)

Urdalen er ein liten, men særmerkt glasial elvedal i Hornåsen i Hornnes. Han går i retning aust-vest i ei lengde på om lag 700 meter. Han er kvasst skoren, og har særleg i austre delen karakter av eit trongt gjel. Dalbotnen er fylt opp av ei svær ur. Skarhøgda ligg på 226 meter over havet. Vannskilet ligg heilt ute i opningen mot aust, og herfra haller det heile vegen bort frå hovuddalføret (Otra).
I motsetnad til Otra-dalføret, og den nærliggande Dåsvannsdalen, er det ikkje isen som har gravd ut Urdalen. Han må i staden vere gravd ut ved elve-erosjon. Det var den vidgjetne rektoren ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, som på eigahand studerte seg fram til denne konklusjonen rundt 1930.
Denne elva gjennom Urdalen oppstod truleg langt tilbake i tid, då det må ha vore ei oppdemning av is ute i hovuddalføret, slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid fekk avlaup gjennom Hornåsen til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne bretunga må i følge Danielsen ganske sikkert ha skote seg fram mot sør gjennom Jortveitmoen, der den vidaregåande skulen no ligg, over den nederste delen av Dåsåna der ho renn i dag og bortover mot den sør-austre delen av Hornåsen.
Ei anna forklaring kan vere at det ved slutten av den siste istida blei liggande igjen ein ispropp som sperra heile elveløpet i Breiflå. Vatnet steig og steig. Dei siste brearmane på begge sider av dalen tina, og blei til rennande vatn. Det blei ein samanhengande innsjø frå Bjoråvika til Åraksbø. Då vasstrykket blei for stort, braut vassmassane seg ut gjennom Urdalen.
Seinare smelta isen, og isdammen vart borte. Urdalen låg «daud» att.
Kjelder
- Daniel Danielsen (1931): Eit par geologiske småting frå Hornnes, særtrykk i Norsk Geologisk Tidsskrift, B XII, pp. 179-192.
- Evje og Hornnes kommune, plakat/oppslag langs Evje natursti