Setesdalskonferansen 2011
Setesdalskonferansen 2011 går av stabelen 5. og 6. mai 2011 på Revsnes hotell. Programkomiteen har starta arbeidet for at dette skal bli ein ny høgdare! Konferansen har eigarar og daglege leiarar av private verksemder som målgruppe. Dette er ein møteplass mellom privat og offentleg - der kommuneleiing og representantar frå tiltaksapparat o.a. deltek. Føremålet er både nettverksbygging, fagleg påfyll og samhandling. Inntil vidare ber ein potensielle deltakarar halde av datoane - lunsj til lunsj.

Program
Torsdag 5. mai 2011
- 11.30 Lunsj
- 12.30 Opning - Bjørn Ropstad: Velkomen. Presentasjon av verksemdene. Programvert Styrk Fjærtoft Trondsen.
- 14.00 Kaffe i minglerom
- 14.45 Cecilie Thunem-Sanum, CTS Setting: Tidvis tidsbruk
- 16.15 Fred Bjerke, Kristiansand Næringsforening: Samarbeid i Agder
- 17.15 Leif Gautestad: ØIF-Arendals trenar: Teambuilding - tankar og medvit
- 18.15 Olav Grendstad: Quiz og løye
- 20.00 Middag. Kjøgemeister Ørnulf Hasla. Utdeling av Setesdalsprisen 2011 av stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad
Fredag 6. mai
- 9.00 Dei skulle berre visst. Møte med 4 verksemder om vegen til ønskja resultat
- 10.00 Kristian Fossheim, Snøgg: Møte med medietoget
- 11.00 Medias makt - omdømmebygging og nyhende. Paneldebatt med Anders Sårheim, NRK Sørlandet, Vidar Udjus, Fædrelandsvennen, Morten Rød, Agderposten, Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen og Odd Helge Liestøl, moisund.com
- 12.00 Lunsj/ avslutting
Setesdalsprisen
Prisen blir vidareført - og det er heilt uvisst kven som skal motta prisen. Folk vert oppmoda til å starte tankearbeidet om kven ein meiner bør bli denne æra til del. Statuttar mv vil bli lagt ut på heimesida etter kvart.
Programkomite
I programkomiteen sit i år som i fjor;
- Tina Høgevold - Bleieboden,
- Connie Barthold - Evje Utvikling,
- Knut Olav Lunden - Vetserve,
- Ørnulf Hasla - Hasla,
- Bjørn Erling Auestad - Bykle hotell
- Signe Sollien Haugå - Setesdal Regionråd.
I tillegg har vi fått element av fornying med
- Svein Hjort-Olsen - næringssjef i Bykle kommune og
- Knut Eilertsen på Bø frå Setesdalstrykk.