Knut Olav Lunden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Olav LundenSymbol unrelated.svg
Knut Olav Lunden.jpg
Født: 28. april 1976 (43 år)

Knut Olav Lunden (fødd 28. april 1976) er ein av åtte eigarar av nettkroken.no, som han var med og grunnla. Han har arbeidd der sidan 1999 med marknadsføring, salg, webdesign og kundeoppfølging og er ansvarleg for Dyreklinikk.no. Han kjem frå Longerak, men bur no i Stavanger.

Etter at han var ferdig med Hornnes vidaregåande skule i 1995, tok han Befalsskolen for Felt-Artilleriet (BSFA) -linje for ildledelse/artillerijeger. Deretter var han sersjant eit år. I 1997 begynte han på NTNU i Trondheim, der han i 2002 vart uteksaminert som sivilingeniør med mastergrad i produktdesign. Hovedoppgaven hans heitte Produktutvikling som del av entreprenørskap og helhetlig forretningsutvikling. Den handlar om forretningsutvikling på basis av brukertilpassa og konkurransedyktige produkt og tenester. Etter at han var ferdig med mastergraden, studerte han to år til på NTNU og fekk med seg fag innan økonomi, psykologi og sosialantropologi.

Mens han studerte, hadde Knut Olav Lunden sommarjobb på Troll Mountain eit par år. Der jobba han som instruktør i rafting og klatring.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]