Anders Sårheim

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anders SårheimSymbol unrelated.svg
Anders Sårheim.jpg
Født: 22. september 1971 (48 år)

Anders Sårheim (fødd 22. september 1971 i Bergen) er distriktssjef for NRK Sørlandet. Han tok til i jobben i 2010 etter å ha vore konstituert ei tid. Det var sju søkarar til stillinga, som var lyst ut to gonger i 2009. I tillegg nytta NRK rekrutteringsfirmaet Hodejegerne for å finne kandidatar.

Før han vart distriktsjef, arbeidde Anders Sårheim som redaksjonssjef i NRK Sørlandet dei to siste åra. Han kom til distriktskontoret i 2000 og har vore reporter i radio og TV. Han har og vore programleiar i radio og vaktsjef, så han kjenner arbeidet på distriktskontoret frå alle sider.

Anders Sårheim fekk medieutdanninga si på Mediehøgskolen Gimlekollen frå 1998 til 2000. Barndommen sin, frå han var fire til han var ti år, hadde han på Vigeland, men familien flytta sidan til Innvik i Nordfjord. Gymnaset tok han i Balestrand, og sidan studerte han nokre år før han var dagleg leiar av Radio Gravenstein i Sogndal frå 1994 til 1996. Frå 1996 til han kom til Gimlekollen var han dagleg leiar i Radio Smia i Høyanger. Alt frå 1993 hadde han teke til som freelancer i P4, den jobben hadde han parallellt med lokalradioarbeidet til han kom til Kristiansand.

Kjelder[rediger]